tirsdag 1. september 2015

Literacy som aktivitet - eller lesehendingar, som Barton kallar dei

Krava til lesekompetanse hos folk flest har auka veldig dei siste tiåra, fordi vi møter skrift overalt i samfunnet og les ulike typar tekst mange gonger kvar dag. Å kunna lesa og forstå det ein les er svært viktig for å kunna klara seg i samfunns- og yrkesliv. 

Lesinga har gradvis forandra seg dei siste hundreåra, frå mest vekt på det religiøse nytteperspektivet til å sjå på gleda og opplevinga skrift og lesing gjev oss som vel så viktig i dag. David Barton skriv om literacy events, eller lesehendingar, som vil seie alle moglege situasjonar der ein nyttar lesing og skriving i dagleglivet. Dette kan vera heime, på arbeidsplassen og elles i samfunnet. Døme på lesehendingar kan vera å lesa for barn, lesa avisa, skriva handleliste, høyra lydbok eller tolka ein rutetabell.

Folk sin lesepraksis er basert på eit system av symbol brukt til kommunikasjon, eller skriftspråket, skilt, teikn og andre ting vi kan kommunisera med hjelp av. Han eksisterer slik sett i forhold til andre system for informasjonsutveksling. Det er ein måte å presentera verda for andre. Lesepraksisen vår er og innbakt i vårt mentale liv; det blir forma av vårt medvit, intensjonar og handlingar. Vi må altså forstå det i eit psykologisk perspektiv: Vår lesepraksis er eit system av symbol som vi nyttar for å representera verda for oss sjølve. Alle litterære hendingar har ei historie, både på eit personleg og eit kulturelt nivå: Vårt individuelle liv inneheld mange litterære hendingar frå tidleg barndom og framover, og nåtida er bygt på desse. Vi forandrar oss, og lærer stadig meir om lesepraksis både som barn og som vaksne.

Kvar gong vi jobbar med ein tekst, tar vi opp ein tekstpraksis som andre har gjort før. Lesehendingar er til dømes det som hender når to eller fleire personar samtalar om ein skriven tekst, slik som å diskutera noko som står i avisa, i ei bok eller på nettet. Det kan og vera eit bilete eller andre slag samansette tekstar, tyda eit skjema, lesa/skriva SMS – lesekunna utviklar seg i alle moglege kommunikasjonssituasjonar. Barton nyttar uttrykket literacy practices, eller lesepraksis, som vil seie å nyttiggjer seg leseferdigheita si i ei litterær hending. Døme på dette kan vera når to personar diskuterer noko som står i avisa, og bestemmer seg for å skrive eit lesarinnlegg (litterær hending, eller literacy event). Då gjer dei bruk av sine leseferdigheiter. Det finst og arbeidslivsliteracy, som det blir forska ein del på, og literacy i samband med andre institusjonar med mykje makt, slik som skular og universitet. I alle slags yrke møter ein nye literacies, anten det er som sosialarbeidar, advokat eller brannmann.


Barn vil først møta lesehendigar i heimen. Allereie tidleg i førskulealder startar sosialiseringa, kor foreldra og andre nære omsorgspersonar spelar ei nøkkelrolle: Dersom barnet kjem frå ein heim med fulle bokhyller og foreldre som les for dei, stiller dei betre rusta til skulestart. Dei skjønar etter kvart at det er status og prestisje knytt til det å kunna lesa, og lærer tidleg om kunnskapen, gleda og spenninga bøker kan gje.

Torkel støyter sjeldan på utfordringar knytt til leseferdigheit, men tar livet med knusande ro.