Eg har tredje klasse påbygg i norsk, som er utruleg kjekt, men også krevjande. Norsk er faget "mitt", som eg elskar å få tid til å fordjupa meg i. Eg har hatt god nytte av påbyggsklassen min som masterstudent, blant anna har eg hatt eit "leseprosjekt" kor dei las skjønnlitterære bøker og skreiv om leseopplevinga si undervegs, og kor eg brukte tekstane deira i eksamenen min i emnet "Innføring i lesevitenskap". Dette var så vellukka at eg nok kjem til å gjenta det kvart år dersom tida strekk til, og har gitt meg nokre idear om kva retning eg heller mot når det gjeld masteroppgåva mi. Eg har ikkje landa på noko endeleg, men trur det blir om litteraturformidling i vidaregåande.
Bakgrunnen min er brokete, med nokre år innan bank og eigedomsmekling før eg nærast ved ein tilfeldigheit hamna i skulen. Der treivst eg såpass godt at eg kasta meg over PPU på kveldstid ved sida av full jobb etter tre år som vikar, og fekk fast stilling.
Eg er ikkje ein nybakt bloggar - eg har hatt ein blogg i tre år som stort sett omhandlar "husmorsyslar" slik som strikking og mat, ispedd ymse betraktningar om ulike tema. Eg vurderte å berre spinna vidare på den til dette føremålet, men bestemte meg for å oppretta ein heilt ny blogg og starta med blanke ark. Eg gler meg til å lesa dei andre bloggane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar